Notater |
- Hentet fra Bygdabok for Dovre:
Den første brukaren vi høyrer om, var Guttorm Engelsgard. Han var brukar både ved skattemanntalet i 1610 og i 1614, og han betalte holding i alle fall frå 1613 og fram til 1638.1 tillegg til Engelsgard betalte han også holding for 1 hud i ein øydegard. Vi veit ikkje kven han var gift med, men kona kom truleg frå Skeie (25/1), for i 1624 åtte Guttorm 72 hud i Skeie, og dette var giftingsgods.
Neste brukaren var sonen Hans. Han betalte førstebygsel i 1640 for 2 huder krongods i Engelsgard som "hans moder for han-nom godvilligen oploed". Hans sto som brukar ved matrikuleringa i 1647 og ved matrikuleringa i 1668.
Sonen Guttorm tok over, men han døydde alt i 1677, og enkja Kari Eriksdotter gifta seg opp att med Peder Siversson frå Nørstegard (42/1). Det var truleg Peder som kjøpte den delen av garden som tidlegare var krongods, og han vart i 1697 stemna av enkja etter futen Jørgen Phillipsen på grunn av ein obligasjon frå 1696 på 70 rd. etter kjøpet av garden. Truleg hadde han kjøpt gårdparten av Jørgen Phillipsen.
Peder døydde i 1698, og buet etter han var på brutto 106 rd., netto 29 rd. Dessutan åtte han 2 lh hud i garden.
Hausten 1700 kom enkja hans, Kari Eriksdotter, saman med enkja Marit Olsdotter på Nørstegard i konflikt med Simen Hansson Tofte fordi han hadde tatt noko tømmer som dei hadde hogge i lia på vestsida av Lågen. Enkjene meinte dei hadde felleseige med Tofte i lia her, men Simen påsto at dette var eigedomen til Tofte aleine. Simen vann saka, og enkjene måtte betale sakskostnadene. I Kari skifta i live i 1714, og eldste sonen Siver overtok garden. Samstundes fekk han bygsel på ei hud engeland som vart kalla Audegard og som hadde vore brukt under Engelsgard. Men Siver fekk ikkje skøyte frå søskena sine før i 1723., [2, 3]
|