Familien Fjeldvigs slektsside

Del Skriv ut Legg til bokmerke

Pedersson Engelsgard, Siver

Mann 1676 - 1756  (80 år)


Personlig informasjon    |    Notater    |    Kilder    |    Hendelseskart    |    Alle

  • Navn Pedersson Engelsgard, Siver  [1
    Fødsel 1676  Engelsgard, Dovre, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [2
    Kjønn Mann 
    SBOK
    Død 1756  Engelsgard, Dovre, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [2
    Person ID I2833  Fjeldvig
    Sist endret 30 Des 2016 

    Far Siversson Nørstegard, Peder,   f. CA 1650, Nørstegard Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 1698, Engelsgard, Dovre, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder ~ 48 år) 
    Mor Eriksdatter Systugu Korsvoll, Kari,   f. 1656, Systugu Korsvoll, Dovre, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 17 Mar 1732 (Alder 76 år) 
    Famile ID F1087  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    Familie Knutsdatter Dombås-Øygarden, Brit,   f. 1680, Dombås-Øygarden, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 1755, Engelsgard, Dovre, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 75 år) 
    Barn 
     1. Siversdatter Engelsgard, Kari,   f. 1715   d. 1785, Engelsgard, Dovre, Oppland Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 70 år)
     2. Siversdatter Engelsgard, Marit,   f. 1719
     3. Siversson Engelsgard, Peder,   f. 1722   d. 1796 (Alder 74 år)
     4. Siversdatter Engelsgard, Rønnaug,   f. 1726
     5. Siversson, Siver Engelsgard,   f. 1729
     6. Siversdatter, Kari Engelsgard Angard,   f. 24 Jun 1731
    Famile ID F1009  Gruppeskjema  |  Familiediagram
    Sist endret 19 Mai 2024 

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødsel - 1676 - Engelsgard, Dovre, Oppland Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - 1756 - Engelsgard, Dovre, Oppland Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 

  • Notater 
    • Hentet fra Bygdabok for Dovre:
      Den første brukaren vi høyrer om, var Guttorm Engelsgard. Han var brukar både ved skattemanntalet i 1610 og i 1614, og han betalte holding i alle fall frå 1613 og fram til 1638.1 tillegg til Engelsgard betalte han også holding for 1 hud i ein øydegard. Vi veit ikkje kven han var gift med, men kona kom truleg frå Skeie (25/1), for i 1624 åtte Guttorm 72 hud i Skeie, og dette var giftingsgods.
      Neste brukaren var sonen Hans. Han betalte førstebygsel i 1640 for 2 huder krongods i Engelsgard som "hans moder for han-nom godvilligen oploed". Hans sto som brukar ved matrikuleringa i 1647 og ved matrikuleringa i 1668.
      Sonen Guttorm tok over, men han døydde alt i 1677, og enkja Kari Eriksdotter gifta seg opp att med Peder Siversson frå Nørstegard (42/1). Det var truleg Peder som kjøpte den delen av garden som tidlegare var krongods, og han vart i 1697 stemna av enkja etter futen Jørgen Phillipsen på grunn av ein obligasjon frå 1696 på 70 rd. etter kjøpet av garden. Truleg hadde han kjøpt gårdparten av Jørgen Phillipsen.
      Peder døydde i 1698, og buet etter han var på brutto 106 rd., netto 29 rd. Dessutan åtte han 2 lh hud i garden.
      Hausten 1700 kom enkja hans, Kari Eriksdotter, saman med enkja Marit Olsdotter på Nørstegard i konflikt med Simen Hansson Tofte fordi han hadde tatt noko tømmer som dei hadde hogge i lia på vestsida av Lågen. Enkjene meinte dei hadde felleseige med Tofte i lia her, men Simen påsto at dette var eigedomen til Tofte aleine. Simen vann saka, og enkjene måtte betale sakskostnadene. I Kari skifta i live i 1714, og eldste sonen Siver overtok garden. Samstundes fekk han bygsel på ei hud engeland som vart kalla Audegard og som hadde vore brukt under Engelsgard. Men Siver fekk ikkje skøyte frå søskena sine før i 1723. Og det er truleg i samband med at han måtte løyse ut dei at han i 1724 gav eit pantebrev til Jacob Smith på 100 rd. med pant i ei hud i garden. I 1732 gav Siver eit pantebrev til Sigvald Blakar i Lom på 300 rd. med pant i 2 Vi hud i Engelsgard.
      I 1737 fekk Siver skøyte på Audegard under Engelsgard som hadde ei skyld på 1 hud og som vart seld på auksjon på Elstad i Ringebu for 60 rd. Seljarane på vegne av kongen var amtmann Jacob Bentzon og biskop Peder Hersleb.
      Siver og kona Brit dreiv så garden fram til 1738 da dei på grunn av alderdom og stor gjeld gav svigersonen Tjøstol Gudbrandsson skøyte på garden, 3 Vi hud, for 350 rd. Eigentleg var det sonen Peder Siversson som hadde odelsrett på garden, og på grunn av dette kunngjorde Siver på tinget i 1741 at dersom Peder ville ta att garden, måtte han i tillegg til kjøpesummen også betale 78 rd. som Tjøstol Gudbrandsson hadde lagt ut for Siver. I 1749 lyste Siver Bjørnersson Ekre som formyndar for Peder, odelsrett til Engelsgard. Men Tjøstol dreiv etter avtale med Peder garden fram til 1758 da Peder tok over. Peder vart gift med enkja på Bergs-Angard, og dei budde der til dei tok over Engelsgard. Peder og kona Guri dreiv så garden fram til 1772 da sonen Gunnar fekk skøyte for 400 rd. og føderåd til foreldra. Føderådet var at så lenge dei levde, skulle dei ha "en tønde sæds ager hvor ieg selv finder for got at lade den udsaae [-] samt foder for 2de kiør og 8 sauver".
      Til tinget i mai 1776 hadde Peder stemna Johannes Mikkelsson Haugen for "ærerørige talemaader og nærgaaende expræssioner".
      I 1801 budde Gunnar Pedersson her med kona Marit Jørgensdotter og barna Guri, Aste, Marit, Brit, Pernille, Kari og Guri, og tenestfolka Guro Iversdotter og Siver Kris-tensson. På garden budde også dagarbeidarane Siver Tjøstolsson og Peder Tjøstolsson. Gunnar døydde i 1811, og i 1812 fekk dottera Guri og mannen hennar, Ola, skøyte på garden. Ola døydde i 1839, og da overtok sonen Gunnar. Det var ikkje så greitt for Gunnar. To av barna døydde same dagen som dei vart fødde, og eit tredje barn døydde berre 4 år gamal. Så døydde kona da det yngste barnet berre var nokre månader gamalt. Gardsdrifta gjekk vel heller ikkje bra, og i 1850 selde han halve garden til svogeren sin, Ola Toresson Nørstegard. Kontrakten vart tinglese først i 1862. Men i 1863 kom garden på tvangsauksjon, og Ola Olsson på Nistugu Dombås (7/1) fekk auksjonsskøyte. Ved folketeljinga 1865 er ikkje garden oppført i det heile. Gunnar var tenestekar på Nistugu Dombås, og Engelsgard var ikkje busett. Ved folketeljinga 1875 var det ingen som budde der, og garden høyrde framleis Dombås til.
      I 1884 kjøpte lærar og kyrkjesongar Ola Andersson Hattrem frå Lesja (sjå 44/2) garden, og i 1890 budde han her med kona Marit Jørgensdotter og barna Jørgine, Bernhard, Arnt Olaf og Georg Kristian Martin, føderådsmannen Gunnar Siversson Aude-gard, tenestfolka Kari Johannesdotter Tofte-lie og Ola Tostinsson Sanden, og legdslemen Guri Østensdotter Høgbrenna.
      Ved folketeljinga 1900 er det registrert at Ola budde på Klukkarhaugen saman med sonen Olav. Kona Marit er registrert på Engelsgard med budeia Mari Skjelstad og gards-karen Ola Kyrkjestugu. Saman med dei budde fattiglemen Guri Høgbrenna. Marit og Ola Hattrem var begge lærarar på Klukkarhaugen, han i første høgda med dei største barna, og ho i andre med dei yngste. Der budde og døydde også begge foreldra hans.
      Ola Hattrem hadde garden fram til 1906 da han selde den til dottera Klara og svigersonen Ole Fremstad. Dei hadde garden berre eitt år før dei selde den vidare til Sivert Bjørnsgard. Han dreiv garden fram til 1948 da sonen Emil tok over. Sonen hans, Egil, tok over i 1981 og er eigar i dag.
      Bruksdeling
      Hovudbølet på Engelsgard har aldri vore delt, men det har vore frådelt mindre bruk frå garden. I 1899 vart bruket Audegard (43/3) frådelt. Bustads- og jordbrukseigedom Fremstad eller Marøy (43/4) vart frådelt i 1902. Elles er ein del mindre bustadeigedo-mar frådelte seinare.
      Husmannsplassen Engelsgardshaugen (43/a) vart truleg bygd rundt 1830, men denne vart nedlagt sist på 1800-talet og gjekk inn i hovudbølet att.
      Frå 43/1 er frådelt følgjande bnr.:
      43/2 Engelsgardslie (1890)
      43/3 Audegard (1899)
      43/4 Fremstad (Marøy) (1902)
      43/5 Heimly (1920)
      43/8 Trollbu (1967)
      43/14 7(1986)

      43/l-l(Ca. 1585-1640):
      Guttorm Hansson, ca. 1560-ca. 1640, g. m. ?, ?-?, frå
      Vigenstad.
      Barn:
      1. Hans, ca. 1585, tok over.
      43/1-2(1640-1669):
      Hans Guttormsson, ca. 1585-1669, g. m. Guri Fred-riksdotter, 7-1676, frå Sør-Hole på Lesja(?). Barn:
      Guttorm, ?, tok over.
      Fredrik, ?, d. ug. på Siem på Lesja hos systera Marit. Skifte etter han på Siem 5.10.1702.
      Marit, ca. 1605, d. ca. 1675, g. m. Tore Siversson frå Nørstgard (42/1).
      Anne, ?, d. før 10.6.1676, g. m. Jakop Hansson frå Bjørnsgard (42/5).
      Randi, 7, g. m. Jakop Jespersson frå Tostingard (44/1). Dei vart brukarar der.
      Marit, 7, g. m. Jon Hansson frå Bjørnsgard (42/5). Til Siem på Leesja

      43/1-3(1669-1714):
      Guttorm Hansson, 7-1677, g. m. Kari Eriksdotter, 1656-17.3.1733, frå Systugu Korsvoll (24/3). Dei fekk ingen barn.
      Kari Eriksdotter g. 2. g. m. Peder Siversson, ca. 1650-1698, frå Nørstegard (42/1). Barn: ■ 1. Siver, ca 1676, tok over.
      Guttorm, ca. 1683, d. 26.4.1741, g. m. Ragnhild Toresdotter frå Slette (50/0). Til Lannem (33/1).
      Erik, ?, g. ca. 1725 m. Eli Hansdotter frå Slette (50/0). Dei åtte og dreiv også Oppistugu Kårbø på Lesja ei tid. Kom seinare til Augardshågån på Lesja.
      Marit,?.
      Rønnog, 1699, d. før skifte 1732. Ho fekk med Jon Hansson frå Nørdre Angardslie (52/8) dottera Marit, 7. Dei var ikkje gift og dessutan tremenningar, så truleg vart det ei leiermålsbot. Rønnaug døydde våren 1732, og det vart halde skifte etter henne på Engelsgard 16.10.1732. Det var og skifte etter Jon på same tid. Truleg var krav om leiermålsbota fremma før, og atter lagt fram på ting på Lesja 3.3.1732. Der kom det fram at broren Siver Engelsgard lenge før hadde søkt Kongen for dei om løyve til å gifte seg. Begge to hadde ei lita jordeige, Jon i Andgardslie taksert til 21 rd., Rønnog i Engelsgard taksert til 4 rd. Men skiftet viser at dei begge var insolvente. Om leiermålsbota vart inndriven - eller kanskje var det den som gjorde dei insolvente - er ikkje kjent. Korleis det gjekk med vesle Marit er ukjent. [3]

  • Kilder 
    1. [S201] Gunnar Kaas og Arnfinn Engen, Bygdabok for Dovre, Gardar, hus og folk. Frå Skjelstad til Rudi.

    2. [S201] Gunnar Kaas og Arnfinn Engen, Bygdabok for Dovre, Gardar, hus og folk. Frå Skjelstad til Rudi, s. 85.

    3. [S201] Gunnar Kaas og Arnfinn Engen, Bygdabok for Dovre, Gardar, hus og folk. Frå Skjelstad til Rudi, s. 82-85.